Home>Hardanger>Foreldrerett – foreldreansvar STATEN SI MAKTGRENSE
Hardanger Politisk Ymse

Foreldrerett – foreldreansvar STATEN SI MAKTGRENSE

I radio og fjernsyn har ein merka ei stigande interesse for barn og barneoppseding den siste tida. Det er gledeleg. Ein har teke fleire viktige spørsmål opp til drøfting: Kven har rett til å refsa born? Skal born i det heile få straff? Kven eig borna, staten eller foreldra? Kven har rett til å oppsede? Det er ikkje greitt å gje eit enkelt og eintydig svar på desse spørsmåla. Det er så mange ting som spelar inn: haldningar, livssyn, politiske og religiøse. Me trur at dersom eit fleirtal i Stortinget vedtek ei lov som grip inn i foreldra sin rett til å oppseda sine eigne born, då vil ei slik lov utløysa sterke motkrefter hos det breie lag av folket.
Her rører me nemleg ved fundamentale tilhøve i livet vårt: samvet og tru.
Menneske som tek oppsedinga alvorleg, vil seia nei til at samfunnet blandar seg opp i dette. Ikkje ut frå det synet at me foreldre eig borna, men ut frå eit ansvar som går høgare opp enn til staten. Me vil halda oss til den gamle forståinga av tilhøvet mellom heim, samfunn og oppseding: Etter den er heimen ein del av sjølve skapingsordninga. Eit barn kjem til verda ved foreldra, og barnet sitt liv vert verna i den fellesskapen som heimen gjev.
Men barna er ikkje foreldra sin eigedom. Borna høyrer Gud til, foreldra er i Skaparen sin stad, og dei skal gjennom oppsedinga styrke og støtte barnet i den samanhengen, så barnet sjølv kan ta livet beint av Guds hand. Dette er målet for oppsedinga. Dermed har foreldra oppsedingsrett, ja plikt som er viktigare enn staten sitt krav. Foreldretetten og dermed retten til å refsa, er ikkje ein rett som samfunnet har gjeve foreldra, det er ein grunnrett, som er der før staten kan gjera noko som helst gjeldande.
Dette synet byggjer på ei viss oppfatning av mennesket, og som me må sjå i nær samanheng med kristendomen. Målet for eit menneske er ikkje — som det heiter på psykologi-norsk — at det realiserar seg sjølv, men at livet realiserar seg i det. Mennesket er eit timeleg vesen i tilhøve til det evige, til ånd som tyder kamp — ikkje harmoni, men kamp mellom det som er naturgjeve og det åndelege der det vonde kan få makt fordi naturen alltid vil seg sjølv og si eiga utfalding og avvise ånda si kraft.
I denne kampen skal oppsedinga halde barnet fast i åndsens samanheng. Dette kan berre skje gjennom ordet, men det kan vera naudsynleg i somme høve å bruka ytre makt, fordi naturen er sjølvrådig. Oppseding er såleis ikkje eit spørsmål om straff eller ikkje straff, men om lydnad som den einaste veg til å binda eit menneske til Guds verd, som er livet. Ordet her er det einaste middel, men somtid kan barnet sin argskap og egoisme stengja vegen, så ein må opna han att med handa si hjelp. Trollet må ein møta med trollet sine eigne middel.
Derfor har foreldra rett til å refsa. Ja, dei gjer i røynda barna ei stor teneste med det, for i barndomen lærer ein lyd nad med dei minste kostnadene. Seinare vert det verre og dyrare. Foreldra kan vel ofte vera harde og urettferdige med straffemidla i den einskilde situasjonen. Men avgjerande er kjærleiken. Han ber i seg ein risiko, men kan berre trivast i full fridom og ikkje under staten sin upersonlege formyndarskap. Det avgjerande er at foreldra er under den same mynde og makt som dei vil hjelpa borna inn i, men det er ikkje staten si.
Han som elskar sonen sin, tuktar han tidleg, seier eit gamalt ord. Samanhengen mellom desse to ting — kjærleik og tukt — er det klokt å halda fast på. Men mange menneske i dag vil helst ta det lett her. Det kjem kanskje av at første del i samanhengen vantar. Mangt kan tyde på det, så lett mange foreldre i dag overlet borna sine til dagheimar og barnehagar og den upersonlege verda som ofte møter barna her.
Me skal vera på vakt for den fysiske og psykiske vald som born vert utsette for. Men me skulle ikkje av den grunn trenga noko ekstra lovgjeving — mishandling er alt straffbart.
Det synest vera anna og meir som står på spel enn å koma barnemishandlinga til livs. Mennesket har alltid lysta etter makt. Det gjeld også velmeinande spesialistar på det psykologisk-pedagogisk-sosiale område. Når desse menneska grip inn i tilhøva i heimane, for å hjelpa barnet, som det heiter, så vil dette føre til at dei får meir makt og mynde og større arbeidsområde. Dette fell godt i tråd med tendensen i den moderne staten til å redusera oss til samfunnsvesen.
Dette merkar me og på mange vedtak som kjem ovan frå som t.d. den tvungne integrerte seksualundervisninga i folkeskulen. Vilkåra for dei som trur og tenkjer annleis, vert mindre. Ein ser det same når det for fullt alvor er tale om barnehageplikt.
Dersom staten avseier foreldreretten, kjem han i motstrid til sine eigne demokratiske føresetnader.
Han gjer vald mot heimen — åndeleg vald. Då freistar keisaren å ta det som høyrer Gud til.
Norvald Dyrvik.
HARDANGER Onsdag 12. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *