Home>Hardanger>Ymse>Målkamp>Bokklubben lovar endringar: Nynorsken ofra liten omtanke
Målkamp Ymse

Bokklubben lovar endringar: Nynorsken ofra liten omtanke

-Bokklubben lovar endring: Nynorsken ofra liten omtanke, seier direktør Giæver til bladet «Dagen».
Me har gjeve ut for lite bøker både på nynorsk og samisk, seier direktør Gjæver i Den norske Bokklubben, då bladet Dagen tok opp klagemålet som formannen i Noregs Lærarmållag, Arne Skjerven, hadde sett fram om at boka til Ingebrigt Davik er omsett til bokmål, og dei borna som vil ha nynorskutgåva må kryssa av om dette.
Me må vedgå, seier direktøren, at me har vigd språkspørsmålet for liten omtanke, og at me heretter må tenkja annleis. For oss som har bokmål til naturleg mål, kan det lett gå såleis at me ikkje hugsar at nynorsk som eit minoritetsspråk treng ein aktiv tankegang dersom det skal kunne oveleva. Me har tenkt for lite målmedvite, lat oss vedgå det.
Eg vil likevel til påstandane frå Arne Skjerven få opplysa at det ikkje er tanken vår å laga nokon slags statistikk av desse tingingane av den tospråklege boka av Ingebrigt Davik. For eg er heilt samd med Skjerven i at det ville verta ein gal statistikk av det. Neste gongen me gjev ut ei barnebok på to språk, kan me tenkja oss å lata dei som ynskjer bokmålsutgåva kryssa av. Men ikkje då heller vll me laga statistikk av det. Det er ikkje det som er føremålet vårt.
— No i 1976 vart det opplyst at De hadde i tankar å gjeva ut ei bok av vestlandsdiktaren Knut Horvei, men at De ville at Horvei skulle «normalisera» språket sitt — så det kom nærare gjeldande rettskriving. Er det rett? i — Horveis bok «Trollgrep» har vore på tale, kanskje saman med ei anna bok av Horvei. Bøkene hans er på arkaisk nynorsk, og eg kom til å nemna for Horvei om at han kunne tenkja seg å byta ut meir sjeldsynte ord, ord som ville vera vanskeleg å skjøna for austlendingar, eller om me kunne ta med ei ordtyding. Horvei var ikkje oppglødd for nokon av desse ideane, og dei var kan henda heller ikkje gode. Men me har vurdert «Trollgrep» til utgjeving. No er det det at me har berre 18 boktitlar for året, så utvalet er vanskeleg. Horvei har til no ikkje passa inn i biletet.
— Når De gjev ut så lite på ny norsk, så har De vel ikkje noko «prinsipp-program» som seier at nynorsken skal vera etter «læreboknormalen»?
— Nei, det har me så avgjort ikkje. Alle lysingar frå Bokklubben og meldingar har til no vore på bokmål. Me kan ikkje gjera ein brå snunad. Men språk spørsmålet skal me drøfta i styret i slutten av denne månaden. Me arbeider og med eit eige boktilbod for nynorske born, og vonar at det kan koma noko ut av det.
HARDANGER Onsdag 12. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *