Home>Hardanger>Ymse>Målkamp>Barne -og Ungdomsavdelinga i NRK: Meir geografisk og språkleg jamstelling
Målkamp

Barne -og Ungdomsavdelinga i NRK: Meir geografisk og språkleg jamstelling

Reisebudsjettet til Barne- og Ungdomsavdelinga i radio har auka kraftig dei siste åra. Dette gjer at programmedarbeidarane kan dekkje meir av det som skjer utanom Oslo enn før, og programma blir av den grunn sterkare farga både av geografisk og språkleg jamstelling, skriv Nynorsk Pressekontor.
—Auken i reisebudsjettet heng saman med at vi strevar med å desentralisere sendingane våre, seier den konstituerte program redaktøren i Barne- og Ungdomsavdelinga, Paul Skoe.
—Det siste året har mellom anna fleire av sendingane i programposten «Hei!» kome frå distriktskontor og det same gjeld for Barnetimen. Stort sett reiser vi innanlands, men Ung dommens Radioavis har og vore på lengre reportasjeturar i England og Frankrike det siste året. Ein del av reisebudsjettet brukar vi på lause medarbeidarar som leverer oss programinnslag vi kan bruke.
—De får stadig større del av sendetida i radioen?
—No er sendetida nokså fastlåst gjennom fordelinga mellom dei ulike avdelingane. Men i fjor hadde vi ein god del ekstra sendetid på grunn av samarbeid med skuleradioen om Hei-sendingane. Alt i alt har Barne- og Ungdomsavdelinga 25 timar kvar veke no. Og medarbeidarane kan kome med framlegg om eigne program utanom vår sendetid. Eg kan her nemne Hanne Løchstøer Augestad sin programserie og skule og heim og den serien med kunstnarportrett som Erling Lægreid laga.
—Barne og Ungdomsavdelinga har ord på seg for å ha mykje nynorsk?
—Vi får inn ein god del gjennom sendingane frå distrikta, men høyrespelseriane trekkjer prosenten noko ned, fordi vi nesten ikkje får inn høyrespel på nynorsk.
—Det må vera vanskeleg å lage program for barn og ungdom år ut og år inn?
—Ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å ta vare på barne- og ungdomskulturen. Det er klart det kan vere vanskeleg å lage program med høg kvalitet, og det går særleg hektisk for seg under dei direkte sendingane.
—Korleis får dei greie på kva som kjem til å hende og som det kan vere verdt å dekkje?
—vi har mange kontaktar rundt i landet som gjev oss opplysningar, musikkbussen får vite mykje når dei fer rundt,og kontakten med distriktskontora er sjølvsagt viktig. Dessutan abbonerer vi på tidsskrift og blad, ved sida av at vi får inn meldingar om det som skjer frå alle slags ungdomsorganisasjonar, fortel Paul Skoe. (NKP)
HARDANGER Onsdag 12. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *