Home>Hardanger>30 januar vert det premiere på russerevy 1977
Hardanger Odda Kommune

30 januar vert det premiere på russerevy 1977

Ein delav russeorkesteret.
Ein del av russeorkesteret.
Ei scene frå revyen der doktor Tore Johan Ekkjestøl kjenner på magen til den gravide Ranveig Jordal medan mora, Irene Johnsen følgjer interessert med.
Ei scene frå revyen der doktor Tore Johan Ekkjestøl kjenner på magen til den gravide Ranveig Jordal medan mora, Irene Johnsen følgjer interessert med.
Gunnar Kvalnes
Gunnar Kvalnes

30. januar kan Oddarussen 1977 lova at det vert premiere på russerevyen i aulaen på gymnaset. Eit år er gått sidan ein fyrst tok til å tenkja på russerevy og sidan skulestart i haust har det vore hard jobbing av alle 68, som er russ i år, plus eit par lærarar. Årets russerevy har over 30 innslag og strekkjer seg over nesten 2 timar. 30 av elevane vil verta å finna på scena medan resten skal jobba bak kulissene.
Det er 9 år sidan det sist var russerevy i Odda og årets

Tore Melstveit
Tore Melstveit

russ tek dermed opp ein tradisjon som var årleg fram til 1968.
Lavrans Fossåen som er «primus motor» for russerevyen vil helst ikkje ut med kva revyen tek for seg. Men han kan fortelja at det er laga ein sketsj om Norzink-konflikten. Kommunen får passet sitt påskreve, når det gjeld trafikkreguleringane i sentrum. Elles er dei fleste innslaga
nokre litt meir seriøse musikkinnslag. Med unntak av tre mann er dette eit orkester av årets russ. Når no alt er klart til premiere

Helge Parnemann
Helge Parnemann

må ein ikkje gløyma all den hjelpa ein har fått av lærarane Tore Melstveit og Helge Parnemann. Heller ikkje Ingvard Leivestad, som har teke seg av det musikalske eller Gunnar Kvalnes som har skreve tekstar vert gløymt når Lavrans Fossåen reknar opp dei som har hjelpt til med årets russerevy.
–     –  mm.  –  –
HARDANGER Onsdag 12. januar 1977

Ingvard Leivestad
Ingvard Leivestad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *