Home>Hardanger>Ymse>20 kyrkjeblad held mål
Ymse

20 kyrkjeblad held mål

Menighetsbladet for Vågsbygd ved Kristiansand hadde eit betre julenummer enn dei andre kyrkjeblada, som kom inn til ei tevling det kyrkjelege vekebladet Vår Kirke har hatt. Tevlingsutvalet la vekt på at det var breidde i innhaldet, god forkynning og god journalistikk, men like viktig var det at bladet var merkt av å vere eit julenummer og av å vere eit lokalblad. Kyrkjebladet for Gloppen kom på 2. plass, og fekk særleg ros for sterk lokal tilknytning og fordi julenummeret inneheldt mykje originalt stoff. 99 kyrkjeblad var med i tevlinga og 20 av desse heldt mål, meiner tevlingsutvalet i Vår Kirke, som rår til at kyrkjeblada blir trykte på billeg papir og i mini-avisformat. (NKP)

HARDANGER Onsdag 12. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *