Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Skræmande auke i vald- og narkotikasaker, viser eit oversyn frå Hardanger Politikammer
Eidfjord kommune Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Skræmande auke i vald- og narkotikasaker, viser eit oversyn frå Hardanger Politikammer

Ein oversikt over arbeidsmengda til Hardanger Politikammer for 1976 syner at drukken skapsforeseelsar har minka til under det halve i høve til 1975, medan talet på narkotikasaker som er etterforska syner ein farleg auke også i Odda. Det er politi meistar Finn Steinkopf som seier dette til «Hardanger». At talet på registrerte drukkenskapssaker har minka har nok sin grunn i at vi i større grad enn tidlegare køyrer personane heim i staden for å setja dei i drukkenskapsarrest. 22 narkotikasaker er etterforska, men desse sakene kan ikkje registrerast på same måte som andre saker då det er ingen som melder frå om at nokon har brote narkotikalovene. Narkotikasakene gjeld både bruk og omsetnad av stoff. Politimeistaren seier at det er vanskeleg å seia om ein har kontroll over narkotikaproblemet, men ein veit i alle høve at det er eit narkotikamiljø i Odda.

VALDSBROTSVERKA
i Odda syner ein farleg auke, frå 26 til 32 saker, sjølv om det meste er fylleslagsmål, er dette eit farleg varsel om mentaliteten. Det er felt 61 promilledommar, noko som er eit høgt tal i høve til folketalet i distriktet. Det kan vera to grunnar til dette seier F. Steinkopf. Anten køyrer folk meir i fylla i dette distriktet enn andre stader eller vert fleire tekne på grunn av dei oversiktlege vegstreknigane som politiet har å patruljere her. Politimeistaren har mest tru på den siste teorien.
I 1976 er teke inn over 300 000 kroner i bøter og forenkla førelegg, mesteparten i radarkontrollar. Statistikken syner vidare at talet på parkeringsgebyr har auka frå 108 til 189 noko som trafikkomlegginga i Odda sentrum må få skulda for.

DREPTE I TRAFIKKEN

11 personar er drepte i trafikkulykker det siste året mot 7 personar i 1975. 7 av desse miste livet i bussulukka på Ringøy. 2 personar omkom ved drukning og ein person ved ei fallulukke.
Heile 16 jaktsaker har vore granska mot berre 3 året før. Dei fleste sakene gjaldt feilmerking under reinsdyrjakta.
Når det gjeld utskrivingar av pass syner det ein auke på nesten 50 prosent, frå 750 til 1050. Denne store auken har nok den svake pundkursen i England skulda for.
Folk spelar meir bingo enn før og det er gjeve 25 løyve mot 15 året før.
I alt har Hardanger Politikammer fått inn 1353 anmeldelsar av dette var 408 forbrytelsar medan resten var ymse forseelsar, opplyser politimeister Finn Steinkopf.

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *