Home>Hardanger>Ymse>Kommunen tek over grunn på Seljestad
Ymse

Kommunen tek over grunn på Seljestad

Mange er det som har hatt problem med å finna parkeringsplass for bilen sin på Seljestad. Serleg ille har det vore dei siste vintrane og verst i påskeveka. Mange har tala om at det skulle vore opparbeidd ein del vinterparkerihgsplassar. Med tanke på det som hende i kommunestyret mellom jol og nyttår; er det grunn til å tru at kommunen no vil freista å finna ei løysing på parkeringsspørsmålet. Frå formannskapet låg det føre ei innstilling som lydde slik: «Formannskapet gis fullmakt til å forberede skjønn for erverv av Hesjebakkmyrane, grunn til parkeringsområde ved Løyningskrossen og eventuelt også over friareåler på Jarandstig, jfr. situasjonskart merket Oppmålingssjefen i Odda den 21. januar 1976».

Eiliv Eitrheim (DnF) ville vi ta kvifor ordet «eventuelt» var teke med når det gjaldt Jarandstigområdet. Han meinte kommunen alt no måtte avgjera om dei ville overta dette området eller ikkje, og han kunne for sin del tenkja seg at ordet «eventuelt» burde gå ut or innstillinga. Han fekk støtte for dette synet hjå Alf Medhus (A) som også ville gå inn for at kommunen bør overta dette området. Kommunestyret gav deretter sistøtte til dette framlegget.
«Eventuelt også» vart teke ut or vedtaket. Vedtaket i kommunestyret får likevel knapt noko å seia for parkeringssituasjonen, i vinter. Det vil ta lang tid å førebu skjønn, halda skjønnstingingar og så eventuelt godta resultatet av tingingane.

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

 

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *