Home>Hardanger>Ullensvang>Grunneigar og hyttebyggar meldt til politiet – Ullensvang hardt til felts mot ulovleg hyttebygging
Ullensvang Ymse

Grunneigar og hyttebyggar meldt til politiet – Ullensvang hardt til felts mot ulovleg hyttebygging

Ein har tidlegare rekna med at det gjekk føre seg ein del ulovleg hyttebygging og at det var ein heil del ulovlege tilbygg og installasjonar i hyttefelta i Sysendalen. Ei synfaring bygningssjefen har hatt/stadfesta dette og Ullensvang bygningsråd har no gjort vedtak om å melda fleire personar til politiet for ulovleg bygging, samstundes som ei rekkje andre hyttebyggarar i Sysendalen har fått pålegg om å fjerna ulovleg oppførte tilbygg og ekstrabygg, fjerna innlagt vatn og mogelege installerte vassklosett.
Med dette vedtaket har ein varsla ei hardare line mot hyttebyggarar som ikkje rettar seg etter reglane og føresegnene som gjeld og dessutan vert det kravt at det må oppnemnast ein som står ansvarleg for utbygginga av dei einskilde felta.

I HYTTEFELTET
nord for riksvegen på Maurset er dei fleste hyttene plasserte i samsvar med den godkjende disposisjonsplanen, men det er likevel eit par hytter som ikkje er oppsett i samsvar med planen. Det er elles klårt at planføresegnene ved fleire høve er brotne ved at det er innlagt vatn og spillvassavlaup er ikkje utført etter forskriftene. Vidare er det mogelegvis laga til vassklosett i nokre av hyttene. I tillegg er det på fleire tomter ført opp meir enn eitt bygg. Dei som
står som eigarar av dei ulovleg oppførte hyttene er vortne tilskrivne og har fått frist til å gjeforklaring. Av svara som er komne inn går det fram at dei impliserte har vore i god tru fordi dei rekna med at turvande løyve var ordna av hytteseljar og grunneigar. Slik «god tru» kan ein likevel ikkje godta når det gjeld ei hytte som grunneigar og hytteseljar har bygt utan løyve. Som nemnt er det gjeve påbod om å fjerna dei ulovlege bygga og installasjonane, medan grunneigaren og hytteeigaren som har bygt utan løyve også er meld til politiet.
I TVERRLIHAUGEN,
eit anna hyttefelt i Sysendalen,er det før gjeve påtale for at det er bygt hytter utan løyve, men bygningsrådet har her seinare gjeveløyve. Pålegg om å fjerna vassklosett og innlagt vatn er ikkje etterkome. Ved ei av hyttene er det seinare oppført ei mindre bu utan byggeløyve og der er det installert vasspumpe i tillegg til ein soveplass. Kraftverket har og installasjonar her for straumforsyning i hyttefeltet. Bygningsrådet har vedteke å melda hytteeigaren som har
oppført den ulovlege bua til politiet, samstundes som alle installasjonar av vass- og kloakkanlegg i hyttene i feltet må fjernast.

PÅ ÅSTESTØLEN,
Stakseng, er det og nokre hytte eigarar som ikkje har halde seg til planføresegnene. Her gjeld det spillvatnavlaup som ikkje er utført etter krava og dessutan er grunnarbeidet kome i gang på ei hytte før krava for å få bygge melding var i orden.

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *