Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Tilskuarar og etterdønningar
Eidfjord kommune Ullensvang

Tilskuarar og etterdønningar

I «Hardanger» 15. desember nemner «Tilskuar» at Ullensvangfolk kjente fattigfolklukt når dei tidlegare kom til Bunes mot Eidfjord. Nå trur han at det kanskje kan bli omvendt. Ein får då tru at folk i Ullensvang får råd til å kjøpa seg såpe så dei får vaska seg: Då vonar ein at lukta blir så nokolunde.
Men det er ikkje utenkjeleg at det etter kvart kunne bli litt fattigmannslukt frå «donehuset» i Kinsarvik, då du etter bladet å døma manglar 2.3 millionar for å få endane til å møtast.
«Tilskuar» nemner også «storheiti». Ein får då trøysta han med, om det er noko trøyst, at det sannsynlegvis også i framtida vil finnast store, fine og rike nullskatteytarar i Ullensvang.

Arvid Hansen
Eidfjord
HARDANGER Onsdag 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *