Home>Hardanger>Odda Kommune>Saka om ny kulturorganisering utsett
Odda Kommune

Saka om ny kulturorganisering utsett

Etter at Odda kommunestyre på møtet, 29. des, hadde nytta borti mot fire timar til ordskifte om budsjettet, var klokka over 24.
Kommunestyret fann det uforsvarleg så seint på natta å drøfta saka om omlegging av kulturadministrasjonen. Saka vart difor utsett til første møtet i 1977. Me reknar med at  fleire av representantane i kommunestyret vil nytta høvet til å kommentera den nye organisasjonsplanen og instruksframlegga for dei einskilde utvala og stillingane. Endå om det var tanken at nyordninga skulle gjelda frå nyåret, vil det neppe ha så mykje å seia reint praktisk at saka vart utsett. Når det gjeld kultursekretær stillinga, så er den som kjent lyst ledig med søknadsfrist 15. januar. Det er meininga at kultursekretæren også skal vera kinosjef. Kinosjef Hjørnevik som har styrt kinoen sidan 1945, gjekk av for oppnådd aldersgrense no ved nyåret. Kinostyret har likevel funne ei ordning slik at kinoen kan halda fram til den nye kultursekretæren kan overta. Til den tid vert kinoen
styrt av formannen i kinostyret, Leif Mork. Fram til kommunestyret har gjort nyval, fungerer dei styre og råd som tidlegare er valde.

 

HARDANGER Onsdag den 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *