Home>Hardanger>Odda Kommune>Ordet fritt: Uheldig praksis
Odda Kommune

Ordet fritt: Uheldig praksis

Under budsjettdebatten i Odda kommunestyre sist veke opplevde ein det merkelege at ei lang rekkje forslag frå Vidar Våde (RV) som ville bety betydelege meirutgifter for kommunen vart sett, under realitetshandsaming til tross for at Våde ikkje kunne visa til dekkingsmåte.
Skulle samtlege representantar kunna gjera slik, ville det sjølvsagt føra til fullstendig kaos, og ein ville aldri kunna få til budsjett etter budsjettforskriftene. Spørsmålet er om ikkje ordføraren må kunna avvisa forslag som det ikkje kan visa til dekkingsmåte for, desto meir fordi kommunestyret på sitt første budsjettmøte fastsette ramme for budsjettet. Derimot vart ein del forslag frå andre representantar ikkje realitetshandsama til tross for at desse ikkje hadde noko å seia for budsjettet. Representanten Birger Tomasgard (V) sette fram eit slikt framlegg: «På bakgrunn av at skattelovene no gjev rom for at industriverksemder gjennom investeringar og overføringar kan unngå å betala direkte skatt til heimekommunen, ber Odda kommunestyre om at regjeringa og Stortinget tek opp desse skattelovene til ny vurdering.
Kommunestyret vil i denne samanheng minna om at mange av dei eldre industrikommunane bygde opp serviceorgan og institusjonar den gongen den direkte skatten frå industriverksemder var betydelege».
Ordføraren ville ikkje ta standpunkt til denne oppmodinga og han foreslo at framlegget vart sendt over til formannskapet. Tomasgard var redd for at det ville bety ein stille
død for framlegget, men kommunestyret støtta ordføraren sitt syn. Så får ein sjå kva som skjer vidare med framlegget. Også andre framlegg fekk same skjebnen, sjølv om dei altså ikkje betydde noko direkte for budsjettet.
Stundom kan det vera naudsynt å senda framlegg over til formannskapet slik at formannskapet får studera framlegget nærare. Men det må ikkje verta ein praksis som vert nytta
også når det ikkje er naudsynt. Etter møtet vart det frå einskilde sagt at det verka som om denne framgangsmåten vart nytta når det var framlegg som kanskje ville få fleirtal i kommunestyret. Det er sjølvsagt ein påstand, men det kunne kanskje verka slik når eit framlegg frå Birger Tomasgard (V) med oppmoding til eigedomsstyret om å sjå til at dei nye husleigene vart fastsette i høve til bustadene sin storleik, standard og plassering også vart oversendt til formannskapet.
Alle bør vera interessert i at dei nye leigene vert så rettferdige som mogeleg og kommunestyret burde ikkje hindrast i å seia frå om det.
Alt i alt kan ein seia at denne praksisen med å oversenda framlegg til formannskapet må nyttast på ein måte som. ikkje betyr undergraving av ytringsfridomen.
-.-d.

HARDANGER Onsdag 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *