Home>Hardanger>Ymse>Ordet fritt Jon Bleie: Halldor Meland
Ymse

Ordet fritt Jon Bleie: Halldor Meland

Av bokelskarar møter me ofte to slag. ..

1. Den store samlaren av verdifulle bøker, kostbare verk står der til prydnad i hyller, og skåp, som ærefullt symbol på høg kultur.
Bokelskar 2. er bibliotekar i dei små bygdeboksamlingar. Utlånaren i 20-30 år, og lenger, med sut og gleda trufast gjer sitt beste kveikja lesehungren mellom folk, og hjelper lånarane finna bøker dei har gleda og nytte av. Av desse reknar eg, bibliotekaren som den store idealist. Han er folket sin trufaste tenar. Ein god bibliotekar lyt vera glad både i menneske og bøker.
Boki om Halldor Meland vart seld ved dørtinging på fyrehand. Prisen kr. 100 ib. Halldor Meland kom diverre som billigbok, ub. grå og fargelaus. Er det i meiningi ho berre skal stå til i pynt i ei vakker bokhylla, fyller ho kravet, til stor gleda for bokmakken.
Boki om Halldor Meland høver dårlegt i ei folkeboksamling. Etter nokre utlån er ho sundbroti i ryggen, og vert snart berre sundsliti bokfilla. Det var ikkje slik me yngste henne. Boki Halldor Meland er ikkje berre ei privatsak for forfattaren. Boki er ei verdifull stykke kultursoga. Ei oppslagbok av stor interesse og verdi. Notesamlingi er eit sers verdifull kapittel. Boki burde havt skap og storleik som Rikard Berge: Myllarguten, eller festskrifti: Eivind Groven. Desse bøkene er vakre, sterke og velskapa.
Halldor Meland hadde vore eigar av mange felor. Soga om felone hans, kven som hadde byggt dei, kven dei ymse eigarar hadde vore, og kvar dei no er, hadde i dag vore av verdi
full interesse.
1962 fekk Halldor Meland Kongens Fortenestemedalje i Gull. Det var ei stor stund då me fekk henga denne på kunstnar-bringa. Mange er takksame om Jon Bleie kan opplysa kvar denne Gulimedalja er i dag?
Kunstvevar Kristi Meland burde fenge ein større plass i biografien. Ho hadde vore vel verd det. Ho hjelpte Halldor Bleie skapa ein god heim på Valland. Her fekk han trygg og god arbeidsro. Kristi var ei sers flink gjev og klok kvinna. Ho sa: «Her er eit ord folk brukar ofte eg ikkje likar, det er: «TIDSFORDRIV»». Livet er so stutt,
skal me skapa noko, lyt me yrkja trutt frå ungdom til alderdom. Tidi vert alltid for stutt for meg».
Kunstvevar Kristi Meland var av dei som fekk mykje godt arbeid gjort. Hjå hennar mange lærejentor lever kunsten hennar vidare.

Olav Børve.

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *