Home>Hardanger>Odda Kommune>ODDABUDSJETTET I HAMN: Vanskeleg i 1977, verre i 1978
Odda Kommune

ODDABUDSJETTET I HAMN: Vanskeleg i 1977, verre i 1978

1977-budsjettet for Odda fekk ein trong fødsel. To gonger måtte budsjettet handsamast før dei folkevalde kunne godkjenna det.

Men korkje det fyrste eller det andre framlegget vert karakterisert som eit reelt budsjett. Dei borgerlege partia gjekk sterkt mot det fyrste framlegget avdi det mangla vesentlege utgifter. Mellom anna innheldt ikkje budsjettet venta lønsauke på nær 2 millionar kroner og det inneheldt ikkje renter på lån for ein liknande sum.

Dette vart retta på til møtet i romjula. Men sjølv om budsjettet vart vedteke med ei rekkje merknader frå SV og Rød Valgallianse, vart det gjort klårt at heller ikkje dette budsjettet var rekna for å vere reelt. Særleg understreka Anthony Pedersen dette.

Pedersen har i dei to budsjettmøta vore den sterkaste kritikaren til kommunens økonomiske politikk.

Pedersen synte til at budsjettet var saldert mest avdi det er lovfesta at det skal være saldert.

-Elles skjuler budsjettet eit underskot på rundt 3 millionar kroner i skuldig folketrygdavgift. Dessutan er mest alt som heiter fonds brukt opp og eg vil tru at budsjettet for 1978 skal verta ennå vanskelegare å saldere, sa han.

Ordskiftet vart elles lite prega av synsmåtar på den generelle økonomiske politikk, det vart meir eit ordskifte der husleige auker, avgiftsauker og flisespikkeri kom til å dominera. Spesielt var det mange av representantane som let seg provosera av Vidar Vådes mange forslag. Våde og SV gjekk mot alle avgifts- og leigeauker.

Ordskiftet synte nok ein gong at ein av dei viktigaste årsakene til at kommunens økonomi er svakare enn nokon gong, er skatte- og avgiftspolitikken. Og ordskiftet synte at Oddas politikarar er i gong med den smertefulle prosess det er å redusera kommunens aktivitet. Ennå er ikkje prosessen anna enn snaut i gong, og berre i det små. Men signala er klåre nok.

Arne Vik (Kr.F.) synte i eit av sine innlegg i ordskiftet til at Arbeidarpartiet ikkje lenger kunne stole på eit samarbeid med SV, budsjetthandsaminga skulle vera prov på det. Vik meinte Arbeidarpartiet burde i større grad konsentrera seg om eit samarbeid med dei borgarlege partiene.

-I det heile kan eg ikkje riktig skjøna at det skal vera naudsynt å driva rein partipolitikk i et kommunestyre. Ein burde meir konsentrera seg om å driva ein praktisk politikk til beste for den kommunen ein skal tena, sa Vik.

Auking av dei kommunale husleiger vart som venta eit vesentleg punkt i ordskiftet. SV og RV gjekk sterkt mot aukinga av dei fleste representantane meinte ein burde få ei betre differensiering av leigene.

Protestaksjonen som vart sett i gong på førre møte hadde synt at det var skeive tilhøve som ein burde ta alvorleg. Mellom anna peika Birger Tomasgard (V) på dette.

Arne Fossum (DNA) var den som sterkast forsvarte ei auking. Han meinte det var gale at alle som ikkje bur i kommunale husvære skulle vera med å betala husleigene til dei som bur i slike hus, gjennom subsidiar.

HARDANGER Onsdag 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *