Home>Hardanger>Jondal>Jondal hagelag – Blomstrande ungplante i full vokster
Jondal

Jondal hagelag – Blomstrande ungplante i full vokster

At Jondal hagelag er ein ungplante i full vokster, kunne ein trygt slå fast då hagelaget nyleg skipa til sitt andre årsmøte sidan starten for to år sidan. 33 hageinteresserte jondølingar er no med i laget, og på eit par unnatak nær hadde dei møtt fram på årsmøtet. Styret i det siste året har vore Margit Eide, Johannes Selsvik, Bjørg Skurtveit, Erling Espedal og Magne Sollesnes, og etter årsmeldinga å døma har dei gjort eit godt arbeid. Særs populære har hagevandringane vår og haust vore, og formannen Margit Eide kunne fortelja at desse står på programmet og for 1977. Elles vert det fleire møte der hage interesserte kan få råd og rett leiing om dyrking av nytteplantar, om sprøyting, val av sommarblomar, demonstrasjon i blomsteroppsetting. Medlemene kan og, no som tidlegare, vera med på sams tinging av plantar frå Sunnhordland Planteskule, noko som vil gje dei særs rimelege prisar.
Som nytt styremedlem vart valt Helga Sætveit i staden for Bjørg Skurtveit, som takka for seg etter å ha hatt ei god hand om pengesakene heilt frå starten av laget.

gut.

HARDANGER Onsdag 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *