Home>Hardanger>Jondal>Frå Folgefonn til Kilimanjaro med Jondal hagelag
Jondal

Frå Folgefonn til Kilimanjaro med Jondal hagelag

Turen opp til det høgaste fjellet i Afrika kosta ikkje stort korkje av sveitte eller pengar for medlemene i Jondal hagelag. Og den fem dagar lange turen opp til den 6000 meter høge, snødekte toppen, gjorde dei gode jondølingane unna på snaue to timar.

Det var Brynjulf Skurtveit, nett heimkomen frå Afrika-tur, som tok hagelagsfolka med på denne fantastiske fjellturen. Ikkje berre den levande måten han fortalde på, men og dei mange glitrande fine ljosbileta han synte gjorde at tilhøyrarane levde seg heilt med som deltakarar på turen.

«Frå Folgefonn til Kilimanjaro», var namnet på Skurtveit hadde sett på kåseriet sitt. Det finst vel knapt nokon som kjenner Folgefonn så godt som han. Om lag 270 gonger har han teke seg opp til toppen gjennom dei siste åra — i finver og snøfokk, i måneskin og bekmørke i skodde og strålande solskin. Og det var på ein av desse turane han møtte ein kar som sette han på tanken om ein tur til Kilimanjaro.

Som deltakar i ein «ekspedisjon» skipa til av Den Norske Turistforening, tok han i haust i veg på ein to vekers tur til Aust-Afrika. og dette høgreiste fjellet over Ekvator som det støtt ligg snø på. Sjølve klatreturen starta i 2000 meters høgd, i ein fredeleg liten landsby i Tanzania. Og etter fire dagar med slit, i isande kulde, og mange heilt utmatta av mangelen på surstoff i den tynne lufta, nådde dei ein morgon toppen nett i tide til å oppleva soloppgangen her 6000 meter over havet.

Tilhøyrarane vart og med gjennom det enorme Ngorongoro-krateret, ei kjempemessig slette som ligg i botnen av ein utdøydd vulkan. Og her ligg det største og mest kjende villdyr reservatet i verda. Villdyr av alle slag finn ein her i titusental. Både elefantar, løver, nashorn, flodhestar, antiloper og sebraer hadde Skurtveit fanga inn på film frå turen gjennom dette krateret.

Det var ei stor oppleving å få vera med Skurtveit på denne turen. Sjølv om dei fleste nok ikkje kjem til å ta éin liknande tur sjølve vart for mange interessa kveikt for Afrika og alt det som gøymer seg på dette enorme kontinentet.

gut.

HARDANGER Onsdag den 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *