Home>Hardanger>Ymse>Eit år er gått
Ymse

Eit år er gått

Du spør: Kvar vart det av det?
Og kva fekk eg gjort — og levd?
Mykje vart annleis enn du trudde. Det vart mange tome stunder og dagar i staden for klårleik og skapande kraft og uro som førde mot nye og rikare mål.
Det var så mange som slo seg til ro med lite og inkje rundt i kring deg at du gådde mest ikkje før du sjølv hadde lagt deg til ein livsstil som du inst inne kjende var uverdig for deg.
I dei stundene når mismodet kom, prøvde du å fly frå ditt såre samvet. Og så vart det å flytta inn i den grå armoda etter ein rus av eit eller anna slag. Stundom var det alkohol, stundom sex, stundom berre ein sjuk fantasi på ville vegar.
Og midt i alt dette kjende du at det å vera menneske er noko anna og meir enn å bruka opp tid. Du visste at midt i all fåfengd kan livet levast slik at det får meining og mål dersom gudstanken og brorstanken ikkje vert borte for ein. Du visst at kjærleik er noko meir enn kjønnsliv, og at berre den som gjev i truskap og under ansvar kan få —.
Du visste at fridom finst berre der det vert vist vilje til å fyglja dei lovene som lyfter menneske livet opp over dyrestadiet. Mennesket har ikkje absolutt fridom. Det kan velja slik at det vert den verste trælen i tilværet, men det kan og velja slik at ingen som prøver å trælka det, kan ta frå det ein indre fridom som gjer sjølv den største liding til noko meir meiningsfylt enn all ytre framgang. Der suksess og karriere vert «livsmål», der vert meininga med livet borte. Og likevel er det dette som ofte hender i kring deg. Det er ikkje av ny dato, men vår tid er meir «effektiv» i den delen av verda der du og eg lever enn noko tid har vore.
Me steller vel med karriere vilkåra, men gløymer ofte at verkeleg framgang bejre finst der oppgåvene fører til indre vokster og kvalitet.
Til sist vert spørsmålet for alle dette eine:
Er livet her ei førebuing til eit liv på eit anna plan — eit fullkome liv i Guds nærleik, eller er det ei utløysing av blinde krefter i eit uendeleg univers som ingen skal stå til ansvars for, og som ingen Skapar har noko meining med?
Får me tid til å tenkja over dei store grunnspørsmåla i tilværet, eller let me spørsmåla om livsmeining og livsretning liggja? Eller trøystar me oss med at det er så mange andre som gjer det same?
Aret 1976 har vore eit år som skulle vore brukt slik at menneskeætta såg vegen sin klårare enn før. Det har du knapt kjensle av når du les avisene, høyrer radio og ser fjernsyn. Sterke destruktive krefter er i arbeid i den verda du og eg lever i.
Valdsmentaliteten breier seg og menneska dyrkar Mammon langt meir kynisk enn ein skulle tru det kunne gjerast av menneske i ei «opplyst» tid. Lygna vert medvete brukt som våpen mellom dei statane som skulle gjera menneskerettane til meir enn ord.
Men det har og vore lysberarar i det året som gjekk ut no. Fremst av dei lyser dei modige irske fredskvinnene, Betty Williams og Maireas Corrigan. Måtte den rørsla dei har skapt greie å byggja bru over dei religiøse motsetningane så det nordirske folket kan busaman som brør. Måtte også me i vårt land fylgja kallet til teneste og ta gudstanken og brorstanken med oss inn i vår kvardag. Gjer me det, risikerar me ikkje at livet vert ei rad av tome dagar, med eller utan eit glinsande skal. Me vert menneske på veg mot eit fullkome liv, trass alt det ufullkomne i oss og rundt oss.

HARDANGER Onsdag 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *