Home>Hardanger>Ullensvang>Aukande hjortestamme påfører fruktdyrkarane store skadar
Ullensvang

Aukande hjortestamme påfører fruktdyrkarane store skadar

EilevOlavNysveen
Omlag så høgt var dette treet før hjorten øydela det, seier Eilev Olav Nysveen.

Det er mykje som talar for at det er byrja å veksa fram ei større hjortestamme i distriktet.

Det er klart at ei hjortestamme i dette distriktet kan valda ein god del skade, mellom anna for fruktdyrkarane. Ein av dei som har fått merka dette er Kjell Nysveen på Espe, der hjorten har øydelagt over 130 ungtre.

Nesten alle trea i eit par nye plantefelt har fått knoppane eller greiner avetne. Kor mykje desse skadane utgjer i kroner og øre er vanskeleg å seia men det er heilt klart at mange av trea er heilt øydelagde og må skiftast ut med nye tre. Andre tre er seinka i utviklinga med minst eit år.

Jon Dale, formann i viltnemnda seier til «Hardanger» at hjortestamma har teke seg opp fleire stader i fjorden og i fjor vart det felt 7 dyr, alle hanhjortar, noko som skulle tyda på at stamma har gode moglegheiter til å formeira seg.

I snøvintrar er det mykje som talar for at fruktdyrkarane vil få ein viss skade. Dette er ein av grunnane til at viltnemnda har vore såpass villig til å gå inn for fellingsløyve på hjort, seier Dale.

HARDANGER Onsdag 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *